Referat frå møte i Stip-HF 4.3

1. Høyringssak om opplæring av rettleiarar innan forskarutdanninga ved HF

STIP-HF formulerer eit høyringssvar der me legg vekt på at det er behov for opplæring av rettleiarar på alle institutt og senter, og at denne opplæringa blir obligatorisk for alle rettleiarar.

2. Plan for kontakt med stipendiatane rundt omkring

Dei som har ansvar for dei ulike einingane (etter avtale) tek kontakt med stipendiatane.

3. Dekanatlunsjen: saker

  •  Kva gjer dei for å få kurs i overførbare dugleikar til neste år? Kva legg dei i «overførbare dugleikar»?
  • Visjonar for forskarskular og forskarutdanning: Korleis tenkjer dekanatet?
  • Pliktarbeid (med fokus på undervisningsdelen). Opplæring før og under undervisning, ansvar på faget: kva gjer ein for å sikra at stipendiatane har noko opplæring i dette? Undervisning: Er det mogleg å få større faktor for rettearbeid, sensur, undervisning?

4. Forskarutdanning

Det ser på LLE ut til å vera ei forståing for at ein ikkje skal leggja ned forskarskulen i språkvitskap og filologi. Anne skal på møte i FFU på fakultetet, og vil mellom anna spørja om det finst ein langsiktig plan for kurs i obligatoriske dugleikar, og meir spesielt kva opplegget er til neste år.

4. Akademisk skriving

Terje skriv til akademisk skrivesenter og spør om det finst noko opplegg for stipendiatar.

5. Stip-HF som høyringsinstans på fakultetet

Teke opp i fakultetsstyret.

6. Eventuelt

Lønningspils: flytta det til torsdagar eller fredagar etter lønning. Neste STIPENDIATpils: 20. mars

Neste møte 4. mai

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *