Referat frå møte i Stip-HF 21.1.15 (referat frå møtet 11.12 nedst)

Orientering og diskusjon: Evaluering av forskargrupper og forskarskular

Guro orienterte om arbeidsgruppa som evaluerer forskargrupper og forskarskular ved LLE og IF. Rapporten frå arbeidsgruppa er rett rundt hjørnet. Stip-HF vil koma med høyringssvar når rapporten blir sendt ut på høyring. Me diskuterte at eit minimumskrav bør, etter vår meining, vera at alle stipendiatar skal ha eit (friviljug) tilbod om tilhøyre i ei forskargruppe eller ein forskarskule.

Evaluering av VITHF900

STIP-HF skal møta fagansvarlege for VITHF900 på tysdag 27.1. Trass i noko kritikk var emnet evaluert som ok+ i evalueringa STIP-HF hadde av emnet. Det som har kome fram av kritikk vil bli formidla til dei fagansvarlege.

VITHF900 blir evaluert på lik linje med andre fag UiB tilbyr. Rapportar frå evalueringar av faget VITHF900 skal liggja ute på kvalitetsbasen.app.uib.no, men dei ligg ikkje der per dags dato. Dette vil bli nemnd for fagansvarlege på møtet.

Møte STIP-HF med val 30.1.

På allmøtet 30.1 blir det arranget val av nytt stipendiatutval.

Registrering av deltakarar på arrangement i regi av STIP-HF

Er det tilfelle at ein må registrera deltakarar på arrangementa i regi av Stip-HF? Kan registreringa vera problematisk i somme tilfelle? Me vil avklara kravet om registrering med fakultetet.

Høyringar i saker som er relaterte til stipendiatar

Stip-HF er stipendiatane sin interessseorganisasjon. Me ynskjer ein praksis der Stip-HF alltid blir invitert til å koma med høyringar i saker som har med stipendiatar å gjera.

 

Referat frå møtet i Stip-HF 11.12.14
Til stede: Pål, Terje, Knut (Sek.) og Guro

–   Pål orienterer om julelunsj
–   Møte med SVT
–   Allmøte fredag 30. januar
–   Diskuterte tilbudet av overførbare ferdigheter. Reist spørsmål om prioriteringer og gjennomføringer.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *