På møtet i STIP-HF gjekk me gjennom tilbakemeldingar på kurset VITHF900 som stipendiatane har gitt oss gjennom den anonyme spørjeundersøkinga tidlegare i år. Me kom fram til at det mest konstruktive vil vera å skriva ein rapport og å invitera kurshaldarane på VITHF900 til å snakka om det som kjem fram i undersøkinga.
Vidare snakka me om at forskarskulane og forskargruppene ser ut til å fungera i svært ulik grad mellom institutta og frå eining til eining. Samstundes kjem det fram i UiB sin handlingsplan for forskarutdanninga at Ph.d.-kandidatane skal knytast til faglege fellesskap i forskingsgrupper og at alle bør bli gitt tilbod om å delta i forskarskular. For å finna ut meir om kva tilhøyre stipendiatane har til forskargrupper og forskarskular har me sendt ut eit spørjeskjema til alle HF-stipendiatar.
Pliktarbeid. Er det ok at det per i dag ikkje finst retningsliner for kva som skal reknast som pliktarbeid og ikkje? Slik situasjonen ser ut i dag definerer og utfører stipendiatar pliktarbeid i svært ulik grad. Dette fører til at somme faktisk får meir tid til å jobba med avhandlinga si enn andre. Kva er grunnen til at det blir sånn?
Det blir utarbeidd ei ny rettleiing for vurdering av søknader på stipendiatstillingar. Inga orienterte om framdrifta i dette arbeidet.