Referat frå møtet i STIP-HF 17.10.2014

  1. På møtet i STIP-HF gjekk me gjennom tilbakemeldingar på kurset VITHF900 som stipendiatane har gitt oss gjennom den anonyme spørjeundersøkinga tidlegare i år. Me kom fram til at det mest konstruktive vil vera å skriva ein rapport og å invitera kurshaldarane på VITHF900 til å snakka om det som kjem fram i undersøkinga.
  2. Vidare snakka me om at forskarskulane og forskargruppene ser ut til å fungera i svært ulik grad mellom institutta og frå eining til eining. Samstundes kjem det fram i UiB sin handlingsplan for forskarutdanninga at Ph.d.-kandidatane skal knytast til faglege fellesskap i forskingsgrupper og at alle bør bli gitt tilbod om å delta i forskarskular. For å finna ut meir om kva tilhøyre stipendiatane har til forskargrupper og forskarskular har me sendt ut eit spørjeskjema til alle HF-stipendiatar.
  3. Pliktarbeid. Er det ok at det per i dag ikkje finst retningsliner for kva som skal reknast som pliktarbeid og ikkje? Slik situasjonen ser ut i dag definerer og utfører stipendiatar pliktarbeid i svært ulik grad. Dette fører til at somme faktisk får meir tid til å jobba med avhandlinga si enn andre. Kva er grunnen til at det blir sånn?
  4. Det blir utarbeidd ei ny rettleiing for vurdering av søknader på stipendiatstillingar. Inga orienterte om framdrifta i dette arbeidet.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *