Møtet begynte med besøk av den nye representanten for gruppe B i universitetsstyret, Synnøve Fluge. Fluge orienterte om strukturen på universitetsstyret og om handsaming av høyringsdokumentet om endringar i universitets- og høgskulelova. Vidare orienterte ho om møtet mellom representantane for gruppe B i dei ulike fakultetsstyra. Gruppe B-representantane planlegg å samlast regelbunde for å sikra kommunikasjon på tvers av fakulteta og i universitetsstyret. Deira neste møte blir i oktober. Om ein har innspel til universitetsstyret som medlem av gruppe B kan ein spela inn desse anten direkte til Fluge eller via fakultetsstyrerepresentantane.
Noko kanskje ikkje alle stipendiatar er klar over er at det finst ein nasjonal stipendiatorganisasjon, SiN. HF er det einaste fakultetet som har eit lokalt organ for stipendiatar, Stip-HF, og UiB er ikkje tilknytt SiN. På møtet diskuterte me om det kan vera behov for å bli tilknytt SiN og om stipendiatane på UiB utanom HF burde organisera seg.
Me vil gjera nokre endringar i statuttane for Stip-HF og omsetja dei til engelsk. Dette vil bli presentert på eit allmøte seinare i semesteret.
Det vil i haust bli gjennomført ei ny kort undersøking av rettleiingsforholda på dei ulike institutta. Denne vil bli distribuert på epost til stipendiatane og me håper at mange vil delta.