Summary of the Plagiarism Topic day

On Thursday, October 3rd, Stip-HF hosted a topic day focused on plagiarism.

The event featured presentations from six speakers: Ida-Elise Seppola Asplund (PhD candidate, UiB), Ivar Prestbakmo (Ministry of Education), Gisle Selnes (Professor, UiB), Helge Gismarvik Høvik (Administration, UiB), Vidar Enebakk (NESH), and Torjus Midtgarden (Professor, UiB). The speakers offered a wide range of perspectives, touching on political, legal, ethical, and academic issues related to this topic.

The audience, mainly PhD candidates and other employees from the Faculty of Humanities, but also representatives from other faculties, gained valuable insights into the rules and guidelines on plagiarism and academic misconduct both at the University of Bergen and in society more broadly. The rise of new technologies, such as ChatGPT and language models, which are increasingly used in teaching, assignment writing, and exams, as well as the new University and College Act, not to mention the numerous public debates on the subject for the last year, raised several questions in advance of the event. These uncertainties helped guide the decision to focus this semester’s topic day.

Vidar Enebakk, the skllfull and enthusiastic senior advisor at NESH, emphasized that the program organized by Stip-HF was the first of its kind on a national scale. He praised the event’s solid and comprehensive approach, which addressed a variety of academic and thematic issues concerning plagiarism.

The feedback after a full day of discussions on academic misconduct was overwhelmingly positive. PhD candidates at the institution found the program valuable, many of them leaving the event feeling that the day had been both informative and worthwhile. The fact that the event included a free lunch, ample time for questions, and a steady supply of coffee, tea, and fresh fruit only enhanced the overall experience.

Stip-HF is grateful for all who participated, both as speakers and audience.

— Jorun Larsen

Temadag om plagiat. Ei oppsummering.

Torsdag 3. oktober arrangerte Stip-HF ein fagdag der tematikken var plagiat.

Gjennom innlegg frå seks representantar: Ida-Elise Seppola Asplund (stipendiat, UiB), Ivar Prestbakmo (Kunnskapsdepartementet), Gisle Selnes (Professor, UiB), Helge Gismarvik Høvik (adm., UiB), Vidar Enebakk (NESH) og Torjus Midtgarden (Professor, UiB), vart ulike perspektiv frå politisk, juridisk, etisk og fagleg hald belyst.

Publikum, som i hovudsak var stipendiatar og tilsette ved det humanistiske fakultetet, men også representantar frå andre fakultet, fekk gjennom arrangementet større kunnskap om kva reglar og retningslinjer som ligg føre ved Universitetet i Bergen, og generelt i samfunnet, når det kjem til saker om plagiat og fusk. Med ny teknologi som ChatGPT og den ekspansive bruken av språkmodellar, både i undervisning, oppgåveskriving og på eksamen, samt ny UH-lov og ei rekkje debattar kring temaet i den offentlege samtalen, var det i forkant av fagdagen mange spørsmål som sto ubesvart. Det var også på dette grunnlaget at tematikken vart nettopp plagiat, då Stip-HF skulle velja retning for dette semesterets fagdag.

Vidar Enebakk, den kunnskapsrike og engasjerte seniorrådgjevaren ved NESH, meinte bestemt at programmet Stip-HF serverte denne dagen var det første av sitt slag i nasjonal målestokk. Han understreka at programmet var solid, og hadde eit heilskapleg fokus som varetok og belyste både faglege og tematiske problemstillingar knytt til plagiat.

Tilbakemeldingane etter ein heil dag med fuskeprat var kort oppsummert svært gode. Stipendiatane ved institusjonen vår såg nytta ved å setja av tid til eit slikt program, og fleire gjekk der ifrå med ei kjensle av at dagen hadde vore nyttig, lærerik og interessant. At det atpåtil var gratis lunsj, god tid til spørsmål, samt eit nært kontinuerleg påfyll av kaffi, te og frisk frukt, såg heller ikkje ut til å trekke ned i totalopplevinga.

Stip-HF er takksame for alle som bidrog, både som innleggshaldarar og som publibum.

— Jorun Larsen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *